Mobilitet, urbanisering og transportteknologi er uløyseleg samanbundne. Ein stad sine koplingar til omverda avgjer vekst eller fall. Kontakten med eit transportnettverk er dermed essensielt. Under ulike teknoøkonomiske paradigme har ulike transportteknologiar skapt ulike nettverk. Slik har dei påverka romlege strukturar på ulike måtar. Langs vår 103 000 kilometer lange kystlinje har sjøfarten prega busettingsmønsteret. Seinare skulle jernbanen og bilen definera strukturar på heilt ulike måtar. Kystbygda, stasjonsbyen eller kjøpesenteret hadde ikkje eksistert utan tilgang til eit transportnettverk. I samband med dagens sterke tilflytting til byane, oppstår behov for å løysa mobilitetsutfordringar rundt byar som allereie slit med kapasiteten....